Om dette arrangementet

Tid
18:00 - 19:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Place / Room
Bibliotekscena
Målgruppe

Syk, eller "bare" en tenåring

I samband med foreldremessa blir det føredrag med Frode Thuen på bibliotekscena

Øygarden kommune arrangerar igjen Øygardsveka med foreldremesse på Sartor senter 17. oktober. Møt alle dei gode kreftene som jobbar for barn og unge i kommunen vår for uformelle råd, ein god prat og oversikt over moglegheitene som finns. Her vert både konkurransar og fine giveaways.

Klokka 18 entrar Frode Thuen bibliotekscena for å inspirere oss om korleis vi tek vare på og hjelper ungdommen vår. Frode er ein erfaren psykolog, forfattar og terapeut godt kjent fra spaltene sine i nokre av landets største medier. Han gjer oss gode betraktningar, kunnskap og råd til korleis me best støttar ungdomen vår.Me gler oss.

Arrangementet er gratis.