Om dette arrangementet

Tid
17:00 - 20:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Open scene

Har du lyst å opptre på ein scene?

Øygarden kulturskule og Straume bibliotek vil invitere alle kreative barn og unge i Øygarden kommune til å kome og henge med oss på biblioteket på Sartor kvar siste fredag i månaden frå kl. 17-20. Vi startar opp fredag 27. september!

Vi kjem til å ha ein Open Scene der dei som vil kan opptre eller vise fram noko. Det vil være projektor, lydanlegg og instrument på scenen.
Kvar gong vil det vere innslag frå kulturskuleelevar som opptrer saman med sine lærarar.
I tillegg blir det servert litt snacks og brus. Kom som du er og bli med! Scenen er din.

Ta kontakt med ansvarleg om det er spørsmål:
Camilla Kolbeinsen
Musikkterapeut
Øygarden kulturskule
camilla.kolbeinsen@oygarden.kommune.no