Om dette arrangementet

Tid
14:00 - 15:30
Pris
Gratis
Bibliotek
Place / Room
Bibliotekscena
Målgruppe

Korleis støtte engstelege barn - drop-in-kurs

Korleis kan vi som foreldre eller vi som jobbar med barn hjelpe med å handtera engstelse?

Det er vanleg at barn og unge opplever engstelse i ulike situasjonar og i periodar. Ofte er dette naturleg utviklingsangst, som varer i ein periode før den slepp taket. Nokre barn treng ekstra støtte frå dei vaksne rundt seg for å handtere engstelse. Kommunepsykologane inviterer til kurs der vi ser på korleis vi kan forstå følelsen frykt og gjennomgår prinsipp frå behandling. Kurset er aktuelt for foresette og tilsette i kommunen som arbeider med barn. Det er ingen påmelding og arrangementet er gratis.