Fri

18.08.23
Fri av Lea Ypi

Lea Ypi er professor i politisk teori og filosofi ved London School of Economics. Ho skriv om oppveksten sin i Albania, og med litterær genialitet avslører ho det  tragiske så vel som komisk i det gamle Albania. Ho er tidsvitnet som opplever å få liv og samfunn snudd opp-ned over natta.   

Dette vesle landet (mindre enn Vestland fylke, knapt 3 mill. innbyggjarar) vart lenge sett på som fyrtårnet mellom kommunistland.

Vesle Lea (født 1979) var eit kvikt barn med stor spørjelyst. Ho vart opplærd (hjernevaska) til å hylle og elske den store leiaren Enver Hoxha. Alle rettruande heimar hadde store og flotte bilete av han. Og alle klasserom, sjølvsagt.

Heime hos det plagsamt nysgjerrige jentebarnet Lea låg biletet av Hoxha på loftet. På Lea sine spørsmål svara foreldra at dei ikkje hadde funne ei ramme som var verdig «onkel Enver». Men den første tvilen melde seg hos Lea, elska dei verkeleg «onkel Enver»?        

Så kom 1990. Fyrtårnet Albania fall saman. 11- åringen Lea trengde trøyst hos nokon ho visste var berre god og snill. Så ho gjekk til han som smilte til henne med augo (munnen var skjult bak den store barten), han som var største av alle,  Stalin. Ho ville omfamne statuen av han, men nådde berre eit stykke opp på leggen. Ho såg opp, nokon hadde fjerne hovudet.

Lea hadde livd lukkeleg i ein heim, eit nærmiljø og eit samfunn fullt av løgner. Nådelaust vert det lagt i grus, dette samfunnet som var bygd på vaklande ideologi og halde saman av både frykt og apati.

Her vert den kommunistiske ideologi i praksis, nådelaust dissekert. Men jammen ligg også dei marknadsliberale påfunna som tok over, nokså ribba tilbake for ære og heider når Lea Ypi har fortalt kva ho har å fortelje.

Lea Ypi er sikkert ein dugande flink universitetslærar. Som forfattar er ho unik.

 

Sverre Bungum