Løpe ulv

av Gro
17.02.23
Ny bokanbefaling: Kerstin Ekman: Løpe ulv Oversett frå svensk av Bodil Engen (MNO)

 

 

Ulf og Inga bur i dei store svenske skogane. Han er 70 år og slit med eit trøblete hjarte. Ho er den nøkterne rasjonelle som ordnar det meste rundt den pensjonerte skogvaktaren som ho har delt livet med. No har han tid og stunder til å tenkje over kva liv han har levd. Naturen han har ferdast i, skogen og dyrelivet.

Eg les boka som ei forteljing om eit menneske som refleksjonslaust har henta ut av naturen det han meiner å ha rett på.

Inga prøver å få Ulf til å foreta seg noko. Du kunne setje deg ned med jaktdagbøkene dine, seier ho.

Sitat:

Hvorfor faen skulle jeg lese om alle jeg har drept?

Så sa hun:

Du sa alle.           

Han forstod, ho hadde rett. Det er stor forskjell på å seie «alle ein har drepe» og «alt ein har drepe»

Så møter han ulven. Det stolte dyret som berre han veit namnet på: Høgbein heiter han, men det veit ikkje ulven. Synet av ulven markerer  eit vendepunkt for Ulf, jamvel så tungt han har for å vedgå det. Høgbein rett på eit liv, sitt liv.

Eg har lese litt av det som er sagt og skrive i den norske ulvedebatten. Men aldri har eg møtt eit forsvar for natur og dyreliv framstilt så stillferdige og like fullt så sterkt, som det Kerstin Ekman gjer i «Løpe ulv».

Ekman har elles ikkje gløymt gamle kunster i kriminal-sjangeren. Ho avsluttar med  eit velkomponert kriminelt crescendo.

Löpa Varg, det var kva dei kalla det når noko gjekk mot skogen og blei borte lenge. Dei vart ulvar. Vel heimkomne gjekk dei sidan alltid med den eine handa i lomma. Dei måtte det, for handa var ein ulvepote.

SB

 

(Omtalen er skrive av Sverre Bungum)