Skogen av Anne Sverdrup-Thygeson

17.10.23
Skogen - om trær, folk og 25 000 andre arter, av Anne Sverdrup-Thygeson. Bokmeldinga er skrive av Sverre Bungum.

Anne Sverdrup Thygeson er professor ved Norges miljø- og biovitenskaplege universitet på Ås. ( tidlegare Norges landbrukshøgskule)

Eg skreiv ei lita melding om boka «Insektenes planet» som kom i 2018 og oppglødd over både innhald og form, karakteriserte eg forfattaren som Norges beste naturfaglærar.

Årets bok følgjer opp. Det er nok kombinasjonen av fagleg tyngde og eit velformulert og nesten leikande elegant språk som gjer det så fascinerande å lese boka. Ikkje noko å seie på at ho fekk årets akademikarpris.

Thygeson er fagleg arveleg belasta. Tippoldefaren hennar, Fredrik August Dahl heitte han, var direktør ved Norges landbrukshøgskule. Etter han har ho arva ein 160 år gammal flora. Dette faktum vert så mykje meir enn noko familiært. Thygeson nyttar floraen til å vise oss korleis kunnskap og innsikt om skogen har endra seg sidan tippoldefaren si tid.

Skogen er så mykje meir enn tre. Først artsmangfaldet, og at det er meir liv i eit dødt tre enn det er i eit levande. Så dyre- og fugleliv. Snauhogst og jordras heng saman.

Thygeson sitt viktigaste bodskap formulerer ho slik:

Vi er i ferd med å omforme mye av skogen vår, fra et velfungerende økosystem, til et produksjonslandskap for tømmer.

For meg er «Skogen» ei openbaring av ny kunnskap som så absolutt skulle ha nådd ut til alt folket, ikkje minst, eller først og fremst til politikarar og byråkratar som er ansvarleg for lovverket som skal ta vare på skogen vår. Då hadde vi kanskje sett noko anna i statsbudsjettet enn reduksjon til skogforvaltning.             

Visste du forresten at kelo, låg og gadd er namn på døde tre i ulik alder og skjebne? Ikkje eg heller. Les boka, den finst på biblioteket.       

Skrive av Sverre Bungum