Vrakeren av Lars Saabye Christensen

06.11.23
Vrakeren av Lars Saabye Christensen. Bokmeldinga er skrive av Sverre Bungum.

Då Sund allmugebibliotek vel var kome i gang under kyndig presteleiing, slik for om lag 200 år sidan, då var regelen den at di tjukkare boka var, di lenger fekk lesaren ha den til låns. Ei god og omsorgsfull ordning.

«Vrakeren» er på 690 sider. For nokre av oss, for oss Saabye- frelste betyr det 690 sider litterær glede og nyting. For andre ei slitsam vandring gjennom eit ordrikt og uoversiktleg landskap

Kort fortalt, kritikkane svingar frå «Dette er ikkje hans beste» til «Dette representerer eit høgdepunkt i hans forfattarskap»    

Romanen så umiskjenneleg Saabye. Vi er tilbake til Oslo vest og Gabels gate der mykje av handlinga er lagd til og der han sjølv vaks opp. Referansar til «Byens spor» og ein forfattar som diktar seg sjølv inn i romanen, det er som vi kunne vente oss.

Jørgen Ribe veks opp i Gabels gate på 1960- talet. Far er disponent på Banan-Matthiessen og mor er heimeverande.

Handlinga eller plottet om du vil, er bygd opp kring venskapet med Carl som  ein dag flytter til Gabels gate. Han er annleis og har ein heilt anna bakgrunn enn Jørgen.

Etter eit fall frå 10-meteren i Frognerbadet vert Jørgen liggjande livlaus på botn, men vert redda av badevakta. Hendinga står sentralt gjennom heile romanen. Bendik Ries som badevakta heiter, er eg-personen i boka.

Etter at Jørgen har hatt stor suksess som forfattar, går han meir eller mindre i hundane. Han taklar vellæte og skryt like dårleg som han taklar motgang.

Så er det at Bendik Ries, badevakta, finn ut at han skal skrive biografi om den falne forfattaren som ingen hadde høyrt frå sidan han gav ut knallsuksessen «Pøbler» 20 år tidlegare.

Så vert dette ein roman om å leite etter sanninga. Kva var det eigentleg som skjedde i Frognerbadet? Og seinare, tok Carl sitt eige liv, eller såg det berre slik ut? Og den vesle jenta i Frognerbadet, kvifor måtte ho døy?

690 sider Saabye, du får sikkert utvida lånetid på biblioteket.   

Skrive av Sverre Bungum