Biblioteket arrangerar gamingkveldar i for i biblioteket. Illustrasjonsfoto: Pixabay
Biblioteket arrangerar gamingkveldar i for i biblioteket. Illustrasjonsfoto: Pixabay

Gamingkveldar i biblioteket OBS! FULLBOOKA

av Gro
26.01.22
Preben frå Youtube-duoen Prebz og Dennis er vertskap for tilbod for unge gamerar.

Øygardsbiblioteka avdeling Straume inviterer til gamingkveld annankvar torsdag dei neste tre månadane (oppstart torsdag 10.02, siste kveld 21.04) for dei mellom 6 og 14 år som interesserer seg for gaming og spelkultur. Dette er eit prøveprosjekt vi håpar skal bli eit permanent tilbod. Preben, kjend frå Youtube-duoen Prebz og Dennis, vil vere vertskap og rettleie dei unge gamerane.

Deltakerane blir inndelt i to puljer med ei grense på ti i kvar, den eine for aldersgruppa 6 til 9 år og den andre for dei mellom 10 og 14. Inndeling etter alder gjev like forutsetnadar til å delta i dei felles spelaktivitetane. 

Gamingkvelden vil vare frå 15:30 til 19:00, og blir innleia med at Preben den fyrste halvtimen presenterer kveldens tema og utfordring i Minecraft. Deretter blir det ei økt på halvanna time der den eine pulja deltek i ei organisert speløkt i Minecraft medan den andre pulja har fri speling på Playstation, Nintendo Switch eller brettspel før dei byter plass den neste halvanna timen. 

Spelerane treng ikkje ha med eigen pc, vi har 10 spelmaskiner og Minecraft-kontoar dei kan bruke.

Vi har dessverre avslutta påmeldinga til Gamingkveldane av di alle tjue plassane er tekne. For dei som vil prøve ein enkeltkveld leggjer vi ut eventuelle ledige plassar på enkeltkveldar på Facebooksida vår tirsdagen før.

Torsdagane det gjeld er: 10.2, 24.02, 10.03, 24.03, 07.04, 21.04.

Eventuelle ledige plassar grunna avbod og liknande blir annonsert på Facebook to dagar før for dei som vil vere med ein enkelt gang. 

Send ein e-post til robert.waage@oygarden.kommune.no med informasjonen under:

  1. Navn og alder på deltakar(ar).
  2. Navn på foresatt 
  3. E-postadresse til foresatt 
  4. Erfaring med Minecraft. Har deltakaren spelt det før og i såfall kor mykje? 

Liten erfaring med Minecraft er inga hindring for å delta, vi ville berre vite kor mange som treng opplæring. Aktuell informasjon om kveldane blir sendt ut på førehand på e-post.