Arild
Arild
Arild

Bli kjent med Arild

av Anonym (ikke bekreftet)
01.10.20
Likar du superheltar? Då er kanskje eselet Arild noko for deg.

Superhelten Arild
Av: Emmanuel Guibert
Illustratør: Marc Boutavant

Superhelten Arild er ei teikneseriebok med korte og morosame kapitel frå kvardagen til eselet Arild,  ein heilt vanleg gut som til tider ønskjer at han var superhelten «Lynhesten». Han er forelska i kua Pernille, og prøver stadig å imponere ho.

Denne boka passar til deg som elskar bøker, men også til deg som ikkje er så glad i å lese. Her er tekst og bilete like viktige, boka er skriven med store bokstavar og i dialogform. Det er fleire korte avsluttande forteljingar/kapittel i boka, på den måten treng du ikkje hugse det som skjedde sist du las. Har du aldri lese ei heil bok, kan kanskje Superhelten Arild bli den første boka du les?!

Anbefalt av skulebibliotekar Trine

4 bøker om Superhelten Arild:
Et lite esel som deg og meg
Superhelten Arild redder verden (vel nesten)
Superhelten Arild er glad som en gris
Superhelten Arild og verdens peneste ku

 

 

 

Relaterte materialer