
Bokmelding: Ei fantastisk reiseskildring
Erika Fatland
HØYT, en reise i Himalaya.
I den nye boka «Høyt» tar Erika Fatland oss med på ei 8 månaders reise i tidsrommet 2018/2019 gjennom det myteomspunne Himalaya. Den kulturelle reisa starta frå Kashgar, heilt vest i Kina, nær grensa til Kirgisistan, vidare over verdas høgste grensestasjon, 4693 moh., til Pakistan. Ho besøkjer konfliktområdet Kashmir og Jammu, dei nordlege delane av India, kongedømmet Bhutan, fjellandet Nepal, kinaokkuperte Tibet og avsluttar reisa ved «kvinnenes kongerike» ved Lugusjøen i Yunnan-provinsen i Kina.
Ei utruleg fasinerande kulturell reise der vi får vite meir om historie, geografi, religion, dyreliv, kultur, politikk, økonomi, språk og klima i dei ulike destinasjonane. Sidan ho reiser åleine, kjem ho tettare inn på lokalbefolkninga og får møte folk frå mange samfunnslag. Vi får vite mykje om dei lokale forholda på stadane ho besøkjer - både om skikkar, myter og religion.
Fatland besøkjer ei rekkje minoritetsområde, m.a. det utilgjengelege fyrstedømmet Hunza i den vakre Hunzadalen i Pakistan, drikk verdas beste te i Darjeeling i India, møter den halvt amerikanske og halvt sikkimesiske prinsessa i Indias nest minste folkerike delstat Sikkim og får oppleve heilag nakendans utført av sjenerte, rusa menn i kongeriket Bhutan.
Vi møter nokre unge, arbeidssky nonner i Tibet, avlegg besøk i Dalai Lamas heimstad McLeod Ganj og er innom den heilage Manasarowarsjøen, der Buddha ifølgje legenda vart unnfanga. I Nepal møter vi m.a. jenter som har vorte plukka ut å vere levande barnegudinner. Vi får også følgje Fatland på den tøffe turen til Base Camp Mount Everest, 5369 moh., og hennar møte med landsbyen Khunde der halvparten av mennene hadde vore i Norge for å byggje steintrapper.
Boka byr på fantastiske naturskildringar og spanande skildringar av dei eksotiske og til dels farlege reiserutene på smale, bratte og nesten utilgjengelege vegar i fjellheimen med ikkje altfor komfortable transportmidlar, og med små fly og tronge flyplassar, med flyselskap som hadde vorte svartelista i Norge.
«Høyt, en reise i Himalaya» er ei fantastisk reiseskildring på over 600 sider. Boka inneheld mykje informasjon, så bruk god tid på å lese ho.
Meld av: Anders Mongstad