Foto: Bob Strong / Reuters

Paul Auster 1947-2024

03.05.24
Forfattaren Paul Auster er gått bort, 77 år gammel.

Paul Auster gjekk bort tysdag 30. april. Det er ikkje mange forfattarar som har vore like definarende for amerikansk litteratur på 1980- og 1990-tallet som Paul Auster. For nordmenn er han kanskje mest kjend for New York-trilogien, «Moon Palace» og «Brooklyns dårskap». Auster skreiv  også filmmanus, lyrikk, essays og songtekster. Auster blei kjend på 1980-tallet og blir sett på som postmodernist. På slutten av 1980-tallet underviste han i kreativ skriving på Princeton. Han var gift med den norskætta forfattaren Siri Hustvedt. 

Desse bøkene av Auster er tilgjengelege i Øygarden innbyggartorg og bibliotek, men om du ønskjer ei bok vi ikkje har, er det fullt mogleg å skaffa den frå eit anna bibliotek.  Treffliste - auster, paul - Øygarden innbyggartorg og bibliotek