Shakespearske forviklingar

av Gro
18.03.20
Nokre seier at jula varer heilt til påske og eg vil skynda meg å fortelja om boka «Vinter» av den skotske forfattaren Ali Smith, før påska set inn. Boka det er tipsa om her, er også til utlån digitalt i appen Bookbites.

"Vinter" er ei moderne juleforteljing der ein del familiemedlemmer, som eigentleg ikkje har så mykje til felles lenger, kjem saman. Det er trass alt jul.

Dei samlast i eit enormt hus på Cornwall. Huset er eigd av Sophie Cleeves, ei einsam, konservativ forretningskvinne som ein gong forstod marknaden og tente seg rik på pelsproduksjon. Ho er vår tids Ebenezer Scrooge som mange hugsar frå Dickens si bok «En julefortelling». Sonen til Sophie, Arthur, også kalla Art, som Sophie oppfostra åleine, kjem heim med Lux, ei kvinne Arthur har betalt for at ho skal late som at ho er i lag med han. Den eigentlege kjærasten, Charlotte, som dei andre aldri har møtt, er det slutt med. Til huset kjem også Iris, som er Sophie si søster og Art si tante, ein einsam, barnlaus politisk aktivist på venstresida.  

Det er duka for forviklingar av Shakespearske dimensjonar denne jula. Det flokar seg til mellom søstrene, Art sin fugleblogg er blitt okkupert av ekskjærasten som legg ut usanne obeservasjonar og forvirrar følgjarane hans. Den språkelskande Lux, som oppheld seg i England fordi det var dette landet som hadde oppfostra Shakespeare, er den som tar med seg lys inn i den mørke, einsame familieforteljinga.
 

Ali Smith er ein stor ordkunstnar og er rekna som ein av Storbritannias fremste forfattarar. Ho evnar å skriva tekstar som på same tid er poetiske og politiske, og som speglar tidsånda. «Vinter» er andre del i det som skal være ein bokkvartett av årstider, og den førre boka, «Haust», vart sagt å vera den første Brexit-romanen. Ho skapar originale ordspel og skriv fram gode dialogar og scenar. Nokre av scenane er surrealistiske og drøymande, men skrive fram med stort truverd, som scenen i byrjinga av boka der eit kropplaust barnehovud trer frem i Spohie si verd.

No skal eg snart gje meg i kast med den tredje boka i kvartetten, «Vår», og eg gler meg nesten like mykje som til den verkelege våren.