Bibliobattles
Bibliobattles
Bibliobattles
Bibliobattles

Bibliobattles 2021

av Gro
23.07.21
Til alle gamingentusiastar i Øygarden kommune! Denne hausten vil Øygardsbiblioteka samarbeide med spillorganisasjonen Bibliogames om online-turneringar i samband med Nordic Game Week!

Saman med Askøy folkebibliotek startar vi med ei lokale turnering der vinnarane er kvalifisert til dei nasjonale finalane for å forsvare æra til sin heimstad – bibliotek mot bibliotek.

Den lokale turneringa for Vestland fylke går av stabelen 22 september og 23 september. Dette er også kvalifisering til dei nasjonale finalane som speles under Nordic Game Week den andre veka i november. Gjennom Øygardsbiblioteka kan spelerane delta i Fortnite Duo (to spelarar per lag) og Minecraft byggjekonkurranse. Turneringane vil bli streama på Twitch og premiane er gavekort fra Komplett. Spelerane kan vinne 200 kr per kvalifiseringsrunde og 2000 kr i dei nasjonale finalerundene.

Påmelding her:

https://www.bibliogames.no/bibliobattles-fortnite/

https://www.bibliogames.no/bibliobattles-minecraft/

Spelerane må vere registrert på Discord (https://discord.com/) for å kunne melde seg på. I år som i fjor er også biblioteka med flest sjåarar på stream med i trekninga av ein gratis speldag med Bibliogames!

Det er eit avgrensa tal plassar og påmeldingsfrist er 31. august, så vær rask!