Den store julereisa

22.12.22
Bibliotek og innbyggartorg i Øygarden har saman med Strilabiblioteket og Sunnfjordbiblioteka laga ein julekonkurranse.

Julekonkurranse kjem i tre delar, der den første etappen kjem vesle julaftan, neste kjem 3. juledag og siste kjem 6. juledag. Her får du bryna deg på intrikate litteraturspørsmål og det er lov med alle hjelpemiddel. Det er lov til å delta uansett kvar du bur.

Også i år drar vi verda rundt i litteraturen. Du får spørsmål om ny og gammal litteratur, og du skal alltid fram til ein geografisk eller fiktiv stad. Spørsmåla kan vera litt utfordrande, så her må du kanskje bruke både dei små grå, og det store nettet. Bli med, då vel!

Det blir premie til kvar etappevinnar og hovudpremie til den som er best totalt. Frist for innlevering er 8. januar kl. 23:59.

Her kjem lenke til innleveringsskjemaet etter kvart som det vert publisert.