
Bygdebok for Fjell – siste band på plass
Les meir om bygdeboka på Øygarden kommune sine nettsider her
Knapt eit år etter av Fjell kommune vart historie, er sjuande og siste boka i serien av bygdebøker fullført. Boka, som vart lansert i november, tar for seg allmennhistoria frå 1910 til 2019, altså godt og vel dei siste 100 åra.
Boka fortel om ei rivande utvikling, frå små tungdrivne gardsbruk tidleg i førre hundreår til fiskarbonden som vart oljearbeidar og invasjonen av bergensarar og andre innflyttarar dei siste ti-åra.
Forfattarar er Halvor Skurtveit og Gaute Losnegård.
Boka kan kjøpast på Innbyggjartorget i kommunane. Her er også dei seks første banda i bygdebokserien til sals, saman med den første bygdeboka som kom i 1970.
Alle banda i Sund-soga er òg å få kjøpt.
Sjå Digital lansering frå Bibliotekscena på Øygardsbiblioteka, Straume bibliotek her