Illustrasjonsfoto: iStock, Illustrasjon: Naturvernforbundet
Illustrasjonsfoto: iStock, Illustrasjon: Naturvernforbundet
Fikselaug. Foto: Norges Husflidslag
Fikselaug. Foto: Norges Husflidslag

Den store klesbyttedagen og fikselaug kjem til Straume bibliotek

av Gro
09.03.22
Bytt dei gamle klesskattane du ikkje bruker lenger – og få nye favorittar i retur samtidig som du sparer miljøet!

Lørdag 26. mars 2022 kjem Den store klesbyttedagen på biblioteket.

 

I regi av Naturvernforbundet samarbeider Øygarden Frivilligsentral, Sotra Husflidslag og Øygardsbiblioteka om Klesbyttedagen 2022.

Mange av oss har alt for mykje klede allereie. Samtidig ønsker vi oss nye klede. Lørdag 26. mars arrangerast det klesbyttefest på Straume bibliotek og innbyggjartorg klokken 10-15 for deg som vil fornye klesskapet på ein miljøvenleg måte.

Klesbyttekonseptet er enkelt: Finn frem opp til sju heile og fine plagg frå bakarst i klesskapet. For kvart plagg du har med deg får du ein kupong du bruker til å bytte til deg eit nytt plagg som du faktisk har lyst til å bruka. Innlevering av klede skjer på Straume bibliotek og Innbyggjartorg torsdag 24. mars frå 12-19, fredag 25. mars frå 10-16 og laurdag 26. mars frå 10-12.

Klede som vert til overs leverast til eit godt føremål.

Fikselaug

På klesbyttedagen på biblioteket stiller også Sotra Husflidslag med eit «Fikselaug» med smilande reparasjonskompetanse frå kl. 12-15. Dei har med utstyr for vøling, stopping og bøting, og kan visa deg korleis du kan koma i gang med å gje sokkane eller plagga dine eit nytt og vidare liv.

Ta gjerne med deg plagg som du lurer på om kan fiksast, så kan du sikkert få nokon gode tips eller veiledning om korleis gje plagget eit nytt liv