


Digitale arkivglimt tilgjengeleg for deg
Har du tenkt på korleis kommunen tek vare på dokumenta sine og kva for interessant informasjon du kan finne i nye og gamle arkiv?
I desse dagar vert fleire og fleire av arkiva digitaliserte og gjort tilgjengelege til bruk for deg og meg.
Vi dukkar ned i dei historiske arkiva og viser korleis du sjølv kan sitje heime i di eiga stove og finne inne fram i den digitale arkiv-arven til dei tidlegare kommunane Fjell, Sund og Øygarden i Digitalarkivet, inkludert materiale frå Interkommunalt arkiv i Hordaland og Statsarkivet
På alle tre arrangement viser arkivarar og historikarar lokale godbitar frå utviklinga innan samferdsel, skule, fattigvesen og næringsliv. Kommunen har også ei spanande krigshistorie som det kan vere interessant å finne meir informasjon om.
Det vert lokal vinkling på kvar stad. Etter foredraga vert det tid til samtale og spørsmål.
Rong bibliotek, 12. mai, kl. 18-20
Skogsvåg bibliotek, 19. mai, kl. 18-20
Straume bibliotek, 21. mai, kl. 12-14