Feira sommarlesrekord i kinomørket

av Kari
27.09.21
Sommarlesarane i Øygardsbiblioteka har lese over 25 000 bøker i år!

25 125 bøker - det er så mange bøker dei som har vore med på Sommarles i 2021 har lese eller høyrt på. Omrekna i sider vert det over 2,6 millionar boksider. 1671 ivrige unge lesarar har vore med. 

Rekordsommaren vart markert i kinomørket på Odeon Straume laurdag 25. september. Dessverre fekk me berre plass til vel 10 % av dei som har vore med, men me håpar dei som var der, hadde det kjekt på "The Boss Baby".

Til alle som har vore med og gjort dette til ein eineståande lese- og lyttesommar:

Takk for innsatsen! Velkommen tilbake som sommarlesarar neste år.