Sommarles rebus
Åshild og Bente frå Øygardsbiblioteka i full sving med å hengje opp sommarlesrebusar i kystpassløypa ved Stranda skule. I sommar finn du rebusar for barn i tre av sommarlesløypene.

Rebus for barn i Kystpassløypene

av Kari
16.06.21
Prøv deg på rebusane og vinn premie. Frå 20. juni.

I desse tre kystpassløypene finn du sommarles-rebusar frå Øygardsbiblioteka i sommar:

  • Veten – startpunkt ved Gitaren på Stranda (litt bratt).

  • Dagsturhytta / Larslibua – startpunkt ved parkeringa på Foldnes (barnevogn- og rullestolvenleg)

  • Vikaåsen på Toftøy – startpunkt på Turøyvegen.

Løyser du rebusen og klarar kodeordet, kan du komme innom biblioteket, sei kodeordet og hente ein premie. Postane vert hengt ut frå 20. juni og heng så lenge premiane rekk... NB – det kan vere ein fordel å vere med på sommarles, men det er mogeleg å løyse rebusane sjølv om du ikkje er «sommarlesar». Meir informasjon om sjølve løypene finn du i Kystpasset.

Tips: Ta bilete av kvar post, eller ta med noko å skrive med og på og noter på vegen, så blir det lettare å løyse kodeordet. 

Lykke til!

PS - post gjerne bilete på instagam #oygardsbiblioteka