Hanne Marie Johansen.kjem til Øygarden innbyggartorg og bibliotek på Straume
Hanne Marie Johansen.kjem til Øygarden innbyggartorg og bibliotek på Straume

Velkommen til foredrag om skeive linjer i norsk historie

av Gro
03.11.22
Om skeive i by- og bygdehistoria, om inkludering og ekskludering, og litt om bakgrunnen for avkriminaliseringa i 1972. Føredrag ved Hanne Marie Johansen.

Torsdag 10. november kl. 18 kan ein høyre om skeive i by- og bygdehistoria, om inkludering og ekskludering, og litt om bakgrunnen for avkriminaliseringa i 1972. Føredrag ved Hanne Marie Johansen.

I år er det 50 år sidan homofili vart avkriminalisert i Noreg. Dette vert markert nasjonalt med «Skeivt kulturår» gjennom heile 2022.  

Hanne Marie Johansen er tilsett ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) og Universitetet i Bergen. Ho gav ut fagboka "Skeive linjer i norsk historie. Frå norrøn tid til i dag" i 2019. Boka vart til som resultat av manglande historiefagleg litteratur på feltet, og omhandlar utviklinga frå usynleggjering og straffeforfølging til psykiatrisk behandling og vidare til likestilling i vår tid. 

Johansen vil snakka om skeive i by- og bygdehistoria, om inkludering og ekskludering, og litt om bakgrunnen for avkriminaliseringa i 1972. 

Arrangementet er i samarbeid med Nynorsk kultursentrum, Folkeakademiet Hordaland og Vestland fylkeskommune.